| Reisebrev fra London |
Det er lite som er så kjekt og utfordrande som å instruere i eigen klubb. Og for å halda gnisten oppe, ser eg det som svært viktig å koma seg ut. Winter course med Suzuki Sensei er med å halda gnisten for meg. Fredags økta starta med oppvarming med Sensei William B. Vincent (6. dan). Det var rett og slett mykje folk, og det trongt. Vincent Sensei, med sin rutine, hadde ingen problem med å få oss gode og varme. Vincent Sensei er kjend for mange i Noreg. Han vitja oss fleire gonger tidleg på 90 talet. Misic Sensei inviterte han fleire gonger over, og treningane hans er noko ein ikkje gløymer! Så var det Suzuki Sensei. Me starta på rekke med nagashizuki. Her er bevegelsen taisabaki det me jobbar med. Ein teknikk som etter mitt syn er lett å få litt til, men å få den perfekt… Det er akkurat det som gjer karate spennande, ein kan alltid verta betre! Så var det partner arbeid. Den eine angreip med tobikomizuki, og den andre kontra med nagashizuki. Her poengterte Suzuki Sensei kor viktig det var at nagashizuki kom rett inn, og at me ikkje trekte tilbake armen før slaget kom. Dette brukte me mykje tid på. Med vonleg forbetring. Vidare var det unnvikelse frå angrep tobikomizuki, fulgt opp av felling. Ein annan innfallsvinkel på bevegelsen taisabaki. Etter kort pause var det tid for tanto dori, nanahonme. Knivforsvar nr. 7. Den krev og at ein flyttar seg på rette måten. Laurdagsøkta starta med oppvarming med Sensei Jon Wicks (7.dan). Ein mann nokre av oss har konkurrert mot tidlegare. Og me har i dag stor respekt for han. Han kan rett og slett sine saker. Etter me var gode og varme, var det igjen tid for taisabaki med Suzuki. Jobba med fire måtar å unnvika frå tobikomizuki. Igjen var det noko me brukte tid på. Og i tillegg til Sensei Suzuki, Sensei Wicks, Sensei Vincent var også Sensei Dave Allsop (7. dan) med. Vil nytta høvet til å gje han gode attendemeldingar. Han snakkar med oss, og ikkje til oss. I tillegg er han flink. Etter pausen var det tid for Niseishi kata. Suzuki Sensei fyller 81 år 27. april, og enno har han bevegelsar som gjer ein traust vossing stum av beundring. Og attendemeldingane han gjev oss er treffande, og gjer oss vonleg betre. Laurdagen var det enno fleire deltakarar enn fredagen, men utbytte fekk me. Om kvelden var det ut på Japansk restaurant for alle som kunne det. Sundags økta vart inneleia på same vis som laurdag. Så tok Sensei Suzuki med seg dei som skulle til dan gradering på eit anna rom. Vincent Sensei tok seg av frå 1. dan og nedover. Her var det fokus på sanbon, ohyo og kihon kumite. Dei frå 2. dan hadde tanto dori nr.2, 3, 7 og 10. Og idori 1 og 2. Wicks Sensei hadde ansvaret i lag med Allsop Sensei. Den siste halvtimen hadde Suzuki Sensei eit foredrag med alle. Han la vekt på kor viktig det var å trena, sjølv om ein instruerte. Og at me alle saman var ein familie. Treninga vart avslutta med stor applaus til Sensei Suzuki. Velfortjent! Å reisa på slike samlingar er utviklande. Ein møter nye folk, og opprettar nye kontaktar. For vestlendingane er det enkelt å reisa til desse samlingane. Det går direktefly frå Bergen til Gatwick, 15. min med tog til Croydon, då er ein i praksis framme. Og når konemor er med, og får boltra seg med det ho likar, vert det bra for alle. Med helsing Rune Joanesarson Voss Karateklubb |

Det er lite som er så kjekt og utfordrande som å instruere i eigen klubb. Og for å halda gnisten oppe, ser eg det som svært viktig å koma seg ut. Winter course med Suzuki Sensei er med å halda gnisten for meg.